Søndag

Utanfor vindauget fell skyene ned. Og eg har tenkt å skriva endå eit slikt innlegg.

I går var eg i byen. Fyrst på café. Tunga mi fekk smaka ein ny drikk, og tunga vart glad. Denne gleda smitta over på meg. Og praten gjekk om barndomen. Det er fint å prate barndom med ein ny ven og sjå at alle har vore mindre.

På toalettet låg det ein snusboks. Likestilling er ein fin ting.

Ho og eg gjekk mellom dei gamle husa. Dette er ikkje notid, sa eg og såg på ljoset som stod stille i lyktestolpa. Nei, det er alltid, sa ho. Og så var det så stille. Midt i Bergen. Stille. Berre lyden av rennande vatn. Himmelen var grå, men me såg stjerner gjennom ein gjennomsiktig paraply som ho hadde teikna på.

Ein mann som skalv i massevis spurde oss om pengar. Eg trur beina hans var blitt til is. Auga var store. Han var vakker.

Kommentarer

funky_uncle sa…
Eg har ikkje noko vitugare å sei enn "ikkje slutt å skriv." Eg les framleis.
Astri sa…
De du skrive æ magisk Kristine. Ikkje slutt! Du æ ofta for jube for meg - å eg lige d! D utfordre meg. Eg æ så gla i deg Kristine, å eg lige når du ringe! =) Glede meg te jul eg!