Skrik

Dei høyrde at han skreik. Han Munch. M-U, for all del ikkje M-O som me sa før me visste betre.

Eit skrik er utan ord.

Eg og vil skrika. For eg har ikkje ord på smerta. Lengsla. Eg har ikkje ord på meg.

Eg ser ein blodraud himmel. Men dei eg går med, stansar ikkje. Eg stansar. Og fell. Ned i det mørke, djupe vatnet under brua vår. Munnen min opnar seg inne i meg. Ikkje på utsida. Auga mine strekk seg. Men dei får ikkje inn nok ljos då heller.

Eg ser gapet mellom menneska og freden. Eg ser at dei spring av garde.

Eg ser at dei fyller seg opp med det dei får tak i. Ein må drukna det tome.

Eg ser at framande stivnar for kvarandre i frykt for å mista seg sjølve.

Eg ser distansen mellom meg og alle andre. Eg veit at den er mogleg å overstiga. Men eg går ikkje i møte, det gjer heller ikkje dei. Distanse er visst det tryggaste. Ikkje sårbart.

Eg ser minuttvisarane gå rundt og rundt. Det er då eg

SKRIK

Kommentarer

Anonym sa…
fy faen så dårligt
Fru K sa…
setter pris på slik kritikk rett fra levra og ja, eg er dundrende enig og ja, eg er lei av mykje og akkurat no var eg akkurat passe kaos, så det passa finfint med ein slik konstruktiv kommentar. igjen. Takk