I dag er det uproblematisk å flyga...

...ut i verda for å bli noko stort. Ikkje la dei som er glad i DEG binda DEG fast, tvinga DEG inn i stagnasjonen. For dei er der bare for å løfta DEG opp. Dei er der for å gråta når DU går. Dei skal sakna DEG dag etter månad etter år, medan DU aukar i toleranse, språkkompetanse, livsentusiasme. Og dei smiler og seier det er flott at DU grip moglegheitene. For dei vil DEG jo det beste, og det veit DU. Alt er betre i det fjerne, så DU må forsøka å unngå at noko vært så nært at det bind DEG fast.

Kommentarer