Tankekunst/kunsttanke

Philosphy Now. Nummeret som eg er eigar av, omhandlar forholdet mellom kunst og filosofi. Eg likar det bladet. For det fortel hjernen min at kunst er logisk. Det vil seie, ikkje logisk i seg sjølve, men logisk fordi mennesket har godt av det. Ein av filosofane kallar det for den fjerde svolten.

Eg vart veldig glad i eit sitat om litteraturen. Setninga har 40 ord, mange av dei framande. Men oversetjinga i mitt hovud seier noko i denne dur: God litteratur reproduserar mangfaldet og kompleksiteten i tilværet i små dosar. Dette gjer det lettare å få verda med seg (”makes more of the world mind-portable”: for eit nydeleg setningsledd!). Fint med lange artiklar som fortel meg det eg kanskje visste frå før.

Dette innlegget bør ikkje verta lenger.

Kommentarer