I staden for ein terning

Bloggen min er sjølvdestruktiv. Eg likar han ikkje, har ikkje gjort det på lenge. Og dette var ikkje eit rop om positiv respons. Det er berre slik det er.

Bloggen min har ikkje den gamle gløden. Har eg den gamle gløden? Då tenkjer eg kanskje på Jesusgløden. (sjå bloggen min frå tidlegare år) Mistar eg fokus? Eller vert innstillinga i linsa endra så eg ikkje kjenner att det gamle biletet?

Å skriva er frykteleg vanskeleg. Merkeleg at så mange får det til. Merkeleg at så mange kjem gjennom nålauga til forlaga.

Eg skulle ønska eg kunne sei noko viktig. Eg er knebla av dei som har sagt ting før meg. Eg fortener ikkje lesarar.

Som min eigen kritikar vil eg seie: Ikkje les dette. Du kunne lesa i Morgenbladet, Bibelen, Den Lille Prinsen, eller noko anna konstruktivt. Livet er for kostbart til å kasta bort på søppel.

I dag seier dei at den fyrste hauststormen skal koma. Eg gler meg. Eg vil ut og stå i regnet og vinden.

Kommentarer

Anonym sa…
Så merkeligt at du skulle skrive dette. for det er akkurat slik eg har tenkt om meg sjøl, og så har eg sett opp til din skrivemåte. synes du er kjempeflink til å skrive, du har talent.
Anonym sa…
hmm, joda, kan vi ikke bare si at det mørke været er i anmarsj. Pleier å høre det, jeg, på denne tiden av året; uten å ta det til meg. Men har jo lest igjennom bloggen din, (sammenheng i rotet) og ser; alt kommer til sin tid.

Ha en flott dag, imorgen.
Fru K sa…
takk for fine kommentarer. kommer alt til sin tid? de sier så. når er tiden?
Anonym sa…
Tiden er der når du minst venter det, men du må vente i håp, ellers kommer den jo aldri.

Eg vet ikkje om dette e det luraste eg he sagt, men samma skiten. For bare ngen uge sian tenkte (les: livsundring; selvdefinert filosofi) eg at nge av det vanskeligste her på jord e å ha tålmodighet. Som en konsekvens e nge av det vanskeligste som fins å stå opp av senga, gjør ting du alltid gjør, og ligavel gleda seg øve det. Problemet med å være på jorden er jo at det ikkje e mulig å oppleve den utrolige og altoppslukende godheten mer enn at det er dråper i et stort hav, men dråper med en utrolig forandrende effekt.

Det står jo også i Bibelen at legemet sukker og stønner, og det er vel heller ikke uten grunn?

Men nå blei det her langt og teit. Så lenge du ikkje gir opp kommer du te å se tebake på denne tilstanden. Det e jo positivt å veda... I think.