Fotografen

Om morgonen fotograferte han tannkosten. Fyrst utan tannkrem og så med tannkrem. Etterpå danderte han frukostbordet, bledde opp avisa på utanrikssida og klikka på utløysaren.

Han tok bilete av kona si der ho stod på sida av han i brudekjolen. Og då ho fødde han ein førstefødd vende guten seg fort til blitsregnet.

Kvart objekt som auga hans kvilte på, om enn berre for ein augneblink, vart fanga på film.

Han tenkt med glede på den dagen han skulle sjå attende på livet sitt og gleda seg over minna. Han var ein japansk turist i eige liv.

Då han vakna i frå koma på sjukehuset, etter eit mislukka forsøk på å fotografera sin eigen sykkeltur, knipsa han eit bilete av den søte sjukepleiaren i det ho rista på hovudet og sa at det ikkje såg ljost ut.

Dei siste orda hans var: ”Kan du levera inn filmen til framkalling, kjære?”

Dei etterlatne såg på minna han hadde samla i livet han sjølv ikkje hadde levd. Eit barnebarn på 7 år let fotografia verta levande på netthinna si. Slik fekk mannen liv etter døden.

Etterord: Denne teksten kan verka tom. Det kan det godt væra at han er. Det kan og henda at eg prøvde å formidla at livet må levas ”i nuet”, i staden for at me stadig strevar for at dei komande åra skal verta best mogleg. Ein må vera tilstades i eige liv. Kanskje kan ein og ha utsegna om at det ikkje er lurt å samla skattar på jorda der møll og mark øydelegg med seg i tankane. No har eg prøvd å tolka min eigen tekst. Det er rart korleis alt mogleg skal kunne tolkas. Kva om teksten som vert utsett for tolking rett og slett er utan meining? Det kan og nemnas at eg vart inspirert av ”Illusjonenes bok” av Paul Auster.


Eg er nøydd til å eksperimentera litt med rollen som kreativ bokstavsamansetjar. Det er mogleg at dette ikkje høyrer heime på ein blogg. I så fall ber eg lesaren om tilgjeving med ei von om at bloggen min ikkje er forkasta frå det gode blogge – selskap. For sjølv om det er mogleg at det ikkje vart formidla noko i dette innlegget, så betyr ikkje det at eg aldri har noko viktig å seia. Det har eg nemleg. Som eksempel kan eg nemna at Jesus elskar alle borna og at verda treng kjærleik.

Kommentarer

Hanne G sa…
Jeg likte dette Kristine. Uten å analysere for mye, jeg liker ikke så godt analyser, og er heller ikke så flinkt til det. Men, jeg likte det! Keep it up sister in God!
funky_uncle sa…
Hehe. Jeg har ikke sett noe her foreløpig, som ikke hører hjemme på en blog. Du har absolutt noe å fare med, så keep it coming :)