Kroppen/lekamen

Det var ein gong ein kropp. Eller rettare sagt; der er ein kropp. Eller ein lekam som dei kalla det i den gamle bibeloversettinga mi. Le – kam. Kva i alle dagar, tenkjer den post – eit - eller anna generasjonen.

Denne kroppen som ein gong var og som alltid i æva vil vera, slit litt med kommunikasjonen i interne krinsar. Logisk sett, så vil ein kunne oppfatta det i heile resten av den biologiske massen om ein del av lekamen, kroppen sjølvsagd, vart torturert til døde. Men slik er det altså ikkje i denne verdsomspennande kroppen. Nervetrådane må være brotne.

Delar av kroppen som ikkje mottek slik livsviktig informasjon frå resten av den biologiske massen, står i fare for å verta lamma. Nervane sender til slutt meldingar verken til eller frå. Reaksjonen ”kjemp for livet, kjærleiken og sanninga” fungerer best om både føter og armar jobbar i lag.

Eg tykkjer det er på tide at denne delen av kroppen ber om å bli satt i kontakt med resten av ekamsdelane snarast. Det er ikkje slik at dei som lid ikkje har kontakt med hovudet. Det er dei som ikkje veit at kroppen lid som ikkje er på heilt på nett.

Her er ein fungerande nervetråd

Kommentarer

funky_uncle sa…
Hmm.

Eg trur lekamen vil verta samla etter kvart, som ein fylgje av kjærleiken. Ikkje rart me har gått i oppløysing når me har mangla sjølve substansen som skulle binda oss saman.
myrna sa…
såg at du hadde blogg i aviså i dag, hmm, rart at eg ikkje har merka det før. Uansett, du skrive vedlig bra, over mitt hode, så eg forstår kje alt du skrive, men bra det er det;)

ha en fin dag.
Eg lage en link i same slengen eg;p

-Myrna
Fru K sa…
Takk myrna. det hjelpe på med litt pr i lokalaviså :-)

få gang på sunbstansen. kor får eg tak i han?