Frå Moleskine

Sukkerspinn… Tankespinn…

Kanskje det å skriva ein roman er som å vera gravid.

Etter å ha vore i kontakt med det vakre og mystiske merker ein at alt ikkje er slik det vanlegvis er. Ein vert kanskje litt kvalm. Vågar ikkje å sleppa vona laus i frykt for å mista det som kanskje ikkje finnes.

Ein vernar om det som veks i djupet. Trår varsamt og gjev det næring.

Ei glede over noko som vil koma. Ryggsmerter. Kva om det går gale?

Etter ei stund kan ikkje draumen om eit nytt liv skjulas. Alle forventar siger. Dei gjer seg klare til å sjå mirakelet.

Og så… Sjela vrir seg. Presser ut det som ligg der. Papiret dreg det mot seg, nett som ljoset lokkar barnet mot utgangen.

Ein er i sin eigen narkose. Svever i ei anna røynd. Skrik og strekk seg etter draumen. Sjela blør og noko har sprokke. Ein del av det som høyrte til der, er brått blitt borte.

Men så er ho der. Boka.

Dette innlegget bør vurderas som eit eksperiment og ikkje ei alvorleg meint ytring. Legg merke til kor seriøst alt verkar på nynorsk. Eg må seia at det er noko ved dette skriftspråket som verkar tiltrekkjande på meg. Teksten er henta frå den lille, svarte notatboka mi. Difor den tittelen.

Kommentarer