Kristen kultur?

I går såg eg Ringenes Herre, Atter ein Konge. For ei oppleving! Nervane var i heilspenn i om lag tre timar, og eg tok meg sjølv i å bite negler.

Tolkien er eit av mine førebilete. Tenk å kunna skriva som han! Dikta opp komplette verdar og få menneske totalt hekta. Korleis kjem ein på noko heilt nytt? Når eg skal prøva på det ender eg som regel opp med ein genial idé om ein gut på ein skule for unge trollmenn.

Tolkien og hans ven S.C. Lewis var begge kristne. Dei var to store forfattarar som har sete merke etter seg i historia. No for tida er det helst få av desse. Kristne skriv for kristne. Det er eigentleg litt rart at me som får hjelp av Gud ikkje maktar å skriva noko som er bra nok for verda. Kor blei det av den kristne i kulturen?

Kristen –pop er eit ord det luktar vondt av. Ofte er det halvslappe poplåtar der ei søt jente syng ” Jesus I love you” . Kvifor kan vi ikkje bruke nådegåvene som finst til å retta på dette leie stempelet?

Kor ti såg eg sist ein god kristen film? Halvgode skodespelarar stotrar seg gjennom eit slapt manus som ikkje heng heilt på greip. Kva gjekk gale?

Vi har gåver frå Gud, og det skulle liksom ikkje vera bra nok? Det burde jo vera sprengstoff med like stor innverknad som det gode, gamle Tolkien ein gong fekk ned på papiret. Er vi redde for å ikkje vera gode nok? Gud utrystar oss ikkje for å gøyme oss i ei krå. Han vil bruke gåvene våre, ikkje berre blant dei kristne! Det er greitt at nokon brukar gåvene sine til å utrysta dei andre kristne, men det er viktig at ikkje alle utfoldar seg i trygge omgjevingar!

Vi sukkar og stønnar over retninga kulturen tek. Men så lenge vi ikkje har mot nok til å prøva å byggje ein motkultur, bør vi eigentleg slutte med sutringa.

Kommentarer

Anonym sa…
get a life you fucker